Ledige stillinger

Badebetjent for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Badebetjent

Me søkjer


badebetjent til 4 – 10 % fast stilling til kvelds- og helgearbeid. (laurdag)

Om arbeidsoppgåvene


Badebetjenten skal ha ansvar for å yta service og halde oppsyn med publikum ved Sivdambassenget og bassenget ved Bryne ungdomsskule i samband med offentleg bading og liknande.
Enkelt reinhald og billettering må og påreknast.

Kvalifikasjonar


Det blir stilt krav om symjeferdigheiter, og ein må gjennomføre og bestå nødvendig livredningsprøve.
Vi er på jakt etter søkjarar med gode samarbeidsevner som er særs serviceinnstilt og som kan vere symjehallens positive bindeledd til publikum.

Andre krav


Politiattest

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonse

Stillingsnummer: 1121-2018-12-6 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid]

job_function: Badebetjent

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere