Ledige stillinger

Stilling/vikariat i matematikk og engelsk – Vaksenopplæring for Bryne vidaregåande skule

Bryne vidaregåande skule

4344 BRYNE

Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 3500 ansatte. Vil du være med å utvikle Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?

Sammen utvikler vi ett godt Rogaland!

Stilling/vikariat i matematikk og engelsk – Vaksenopplæring

Bryne vidaregåande skule    
Bryne vidaregåande er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 1600 elevar og om lag 330 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, medium og kommunikasjon, restaurant- og matfag, service og samferdsel, studiespesialiserande, teknikk og industriell produksjon og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis og fagfornying, med fokus på djupnelæring og satsingsområda i ny Overordna del. 
 
Skulen tilbyr:   
Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg. Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring. Bryne er ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar.   
 
Lærer matematikk og engelsk – Vaksenopplæring 
Bryne vidaregåande skule har ledig følgande stillingar i vaksenopplæringa: 
Matematikk 13% stilling Fast stilling 
Engelsk 27% stilling Vikariat 14.01.-18.11.2019 
Undervisning vil foregå på kveldstid.   
 
Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i dei aktuelle faga samt praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). 
 
Me ser for oss ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar. Skulen ønskjer tilsette som er opne, samarbeidsorienterte, kreative og har godt humør. Du bør vera fleksibel, engasjert og utviklingsorientert. Det er ein fordel om ein er viljug til å prøva ut nye arbeidsmetodar. I tillegg har du gode digitale ferdigheiter. Me ønskjer lærarar som tek ansvar for profesjonsutvikling, og er positive til å reflektera over eigen praksis saman med elevar og kollegaer. Det er ein fordel med erfaring frå undervisning på Helse- og oppvekstfag. At du er personleg skikka vil bli vektlagt.  
 
Kontaktperson:  
Avdelingsleiar for vaksenopplæringa Petter Reed, e-post: petter.reed@skole.rogfk.no, mobil 47 23 69 79  
 
Søknadsfrist: 23.11.2018 
 

Stillingsnummer: 1121-2018-12-7 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra arbeidsgiver

employer: Bryne vidaregåande skule

job_industry: [Videregående skole]

job_function: Lærer (videregående skole)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere