Ledige stillinger

Fagleiar byggesak for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Fagleiar byggesak

Me søkjer


etter ingeniør/arkitekt/jurist til stilling som fagleiar for faggruppe byggesak. Du har god kjennskap til fagområdet, relevant utdanning og arbeidserfaring.

Om arbeidsplassen og stillinga


Faggruppe byggesak ivaretar kommunen sitt ansvar etter plan- og bygningslova og har ansvar for saksbehandling av byggesaker, dispensasjonar og frådelingssaker. Byggesak er ein del av samfunn- og landbruksforvaltningsavdelinga.
Stillinga vil by på mange interessante utfordringar innan aktuelle fagområde og samarbeid med andre fagmiljø. Faggruppe byggesak har p.t. fire årsverk og arbeider tett saman med faggruppene arealplan, geodata, landbruk- og miljø og kommunalteknikk. Me legg vekt på godt samarbeid og god intern og ekstern service.

Om arbeidsoppgåvene

  • Fordeling og organisering av faggruppa sine oppgåver
  • Rettleiing, tilstedeværelse og fagleg støtte
  • Vera pådrivar for effektivisering, herunder digitalisering av saksbehandlinga
  • Behandling av alle typer byggesaker etter plan- og bygningslova med særskilt ansvar for saksbehandlling av komplekse saker
  • Samhandling med andre avdelingar og tenester
  • Delta i politisk utval (LOK) sine møter

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som ingeniør/sivilingeniør/arkitekt eller jurist. Anna utdanning kan vera interessant dersom du har lang og relevant praksis
  • God kjennskap til plan- og bygningslova og anna relevant lovverk
  • Kjennskap til offentleg forvaltning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Eigenskapar

  • Er sjølvstendig og effektiv
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er engasjert, løysningsorientert og taklar høgt arbeidstempo
  • Høg fagleg integritet og rolleforståing

Me tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1121-2019-01-15 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Bygg og anlegg]

job_function: Ingeniør (bygg og anlegg)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere