Ledige stillinger

Brukarstyrt personleg assistent, kvilande nattevakt for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Brukarstyrt personleg assistent, kvilande nattevakt

Me søkjer


I miljøtenesta har me ledig ein fast stilling i 25,35% som kvilande nattevakt, og eit vikariat i 25,35 % f.o.m snarast t.o.m. 31.07.2019.

Stillingane er knytt til eit oppdrag i privat heim, med arbeid på natt.

Me tilbyr


Ein givande jobb med moglegheit til eiga personleg utvikling.

Om arbeidsplassen


Time kommune vil vere skodd for framtida. Det vil si at me er nytenkjande og innovative. Miljøtenesta består av 7
verksemdområde, og gjev tenester til mennesker med nedsett funksjonsevne. Stillinga vil vera knytt opp mot eit
oppdrag i privat heim.

Om arbeidsoppgåvene


Personleg assistanse er eit serviceyrke og oppgåva di er å yta service og god praktisk assistanse etter instruks og opplæring.
I denne ordninga er arbeidsoppgåvene ifht ein vaksen person med fysiske utfordringar.
Det er foreldre til denne personen som er arbeidsleiar, og fungerar som din næraste overordna, dei definerer kva stillinga skal innehalde og kva arbeidsoppåve du til ei kvar tid skal utføre. Arbeidsoppåvene vil i hovudsak vere hjelp og tilrettelegging til nødvendig pleie/stell, medisin og tilsyn.
Som brukarstyrt personleg assistent må du være fleksibel. Det er fast turnus med arbeid kvar 3. helg.

Kvalifikasjonar


Sjølv om du ikkje har tidligare erfaring med å jobbe som personleg assistent, kan du søkja. Helsefagleg bakgrunn er ikkje nødvendig, men det er ønskjeleg at du som vert tilsett har erfaring i forhold til å jobba med personar med nedsett funksjonsevne.
Du må ha gode samarbeidsevne, kunne ta initiativ og arbeida sjølvstendig. Den som vert tilsett må beherske norsk munnleg.

Andre krav


De er krav om politiattest ved tilsetting.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1121-2019-01-21 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Helse- og pleiearbeid, Sosial-, omsorgs- og fritidsarbeid]

job_function: Støttekontakt

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere