Ledige stillinger

Fellesutlysing pedagogisk leiar/barnehagelærar for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Fellesutlysing pedagogisk leiar/barnehagelærar

Velkommen som søkjar


Ved dei kommunale barnehagane er det ledige faste stillingar og vikariat som pedagogisk leiar/ barnehagelærar frå
01.08.18

Om arbeidsplassen


Det er 9 kommunale barnehagar i Time kommune. Dei er kjende for å delta i ulike utviklings- og prosjektarbeid.
Fokusområde er tidleg innsats, språk, leiing, leik og læring. Me er ute etter barnehagelærarar som har gode
samarbeidsevner og er gode på gruppeleiing.

Fem av barnehagane våre er praksisbarnehagar for Universitetet i Stavanger. Dette bidreg til at barnehagane har god
kontakt med fagmiljøet og deltek i utdanning av nye barnehagelærarar.

Kvalifikasjonar


Me søkjer etter barnehagelærarar som vil engasjera seg og vil bli med å vidareutvikla barnehagane våre.
For meir informasjon om den einskilde barnehagen, sjå www.time.kommune.no

Me tilbyr


Konkurransedyktig lønn. Kommunale tilsettingsvilkår og pensjonsordning.

Andre krav


Det er krav om politiattest for tilsetting i barnehage.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du
ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt
offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1121-2019-01-25 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Barnehage, og grunnskole]

job_function: Pedagogisk leder (førskolelærer)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere