Ledige stillinger

Vernepleiar / sjukepleiar til bufellesskap, miljøtenesta for TIME KOMMUNE KRINGLEMYR BUFELLESSKA

TIME KOMMUNE KRINGLEMYR BUFELLESSKA

4340 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Vernepleiar / sjukepleiar til bufellesskap, miljøtenesta

Me søkjer


I Kringlemyr og Linevegen bufellesskap har me ledig 100% vernepleiar/sykepleiar med arbeid kvar 4. helg med langvakter. Me søkjer vernepleiar/sjukepleiar som ønskjer høg grad av fagleg utvikling og likar varierte utfordringar.

Me tilbyr


Ein givande jobb med moglegheit til eiga personleg utvikling

Om arbeidsplassen


Kringlemyr og Linevegen er ein del av miljøtenesta i kommunen og gjer heildøgns- teneste til 9 brukarar i alderen 25-75 år.

I Kringlemyr og Linevegen jobbar me aktivt for å gi brukarane best muleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte, med fokus på sjølvbestemmelse og fellesskap i samarbeid med pårørande.

Me jobbar for å halde eit høgt fagleg nivå, og har etiske refleksjonssamlingar. Dette gjer oss meir bevisste på kvifor me gjer som me gjer, og minner oss på at me alltid skal ha brukaranes beste i fokus.

Eit positivt arbeidsmiljø med respekt for kvarandre er viktig. Me skal gjera kvarandre gode og er opptatt av at alle skal trives på jobb. Slik gjer me også ein betre jobb for brukarane våre.

Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukermedverknad. Miljøtenesta i Time kommune har eigen fagutviklar, som har fokus på kompetanse,
brukarsikkerheit og kvalitet.

Om arbeidsoppgåvene

  • du har ansvar for helsefaglege observasjonar, tiltak og oppfølging av brukarar.
  • du må kunne samarbeida med pårørande og sikre at brukermedverknad ivaretas.
  • du må kunne arbeida både sjølvstendig og i team.
  • du bidrar til å sikra forsvarlig pleie- og omsorgstjenestar, og at oppgåver utføres i tråd med kvalitetskrav og lovverk.
  • du sørgjer for at nødvendige rutinar og prosedyrar er utarbeid og oppdatert.
  • du er med og bidrar til at me beheld eit godt arbeidsmiljø.
  • du likar utfordrande arbeidsoppgåver med spesielt fokus på miljøarbeid og aktivitet for våre brukarar.
  • det inngår i stillinga at du har primærkontakt-ansvar, medisinansvar og sikrar eit godt samarbeid med fastlege, spesialisthelsetjenesta etc.

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar
  • gode datakunnskapar
  • interesse for å arbeida med personar med utviklingshemning
  • sterk vernepleie,- sykepleiefagleg kompetanse, med god kunnskap om somatisk helse.
  • fagleg og personleg eignetheit blir vektlagt

Andre krav


Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2.
Det er krav om politiattest ved tilsetting.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1121-2019-01-29 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: TIME KOMMUNE KRINGLEMYR BUFELLESSKA

job_industry: [Helse- og pleiearbeid, Leger, psykologer og terapeuter]

job_function: Vernepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere