Ledige stillinger

Lærlingar for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Lærlingar

Me søkjer


Vil du bli lærling i Time kommune?
Me søkjer etter lærlingar i faga:
  • Barne- og ungdomsarbeidar
  • Helsefagarbeidar
  • Institusjonskokk
  • IKT

Du er velkomen som lærling i Time kommune. For at du skal trivast fagleg og sosialt, vil me leggja til rette for:
  • Læreplass etter ønskje
  • Gode læretilhøve
  • Fast kontaktperson og flinke lærlingsinstruktørar
  • Lærlingtreff og lærlingskule

Time kommune satsar på trivsel, openheit og ein god organisasjonskultur for alle tilsette. Leveregelen vår er:
Me gjer
kvarandre gode.

Kvalifikasjonar


For å kunne søkja må du ha gjennomført vg2.

Andre krav


Du må levera politiattest før oppstart i læretid.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1121-2019-01-40 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: NAV Servicesenter

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Reiseliv, hotell og overnatting, Restaurant og forpleining]

job_function: Lærling (institusjonskokk)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere