Ledige stillinger

Sjukepleiar/vernepleiar, avd. psykisk helse- og rusarbeid for TIME KOMMUNE SVERTINGSTAD BUFELLESS

TIME KOMMUNE SVERTINGSTAD BUFELLESS

4340 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sjukepleiar/vernepleiar, avd. psykisk helse- og rusarbeid

Me søkjer


Me har ledig ei 65% stilling for sjukepleiar/vernepleiar, ved Svertingstad bufellesskap. Stillinga er i turnus med arbeid natt og tredje kvar helg.

Svertingstad bufellesskap er eit døgnbemanna ROP-tiltak for 5 personar med samtidig rusavhengighet og psykisk liding. Bufellesskapet starta opp i mai 2014. I tillegg til dei som bur i bufellesskapet, følgjer me opp andre i kommunen med lignande utfordringar.

Me søkjer ein medarbeidar med stå på vilje. Det vil sei at me ynskjer at du kan væra uthaldande og ha evne til å arbeida mot mål der resultata kjem litt etter litt. Din faglege tryggleik vil vera viktig då me møter menneske som ynskjer å vera trygg i møte med deg. Fleksibilitet er ein av ressursane dine som vil koma flittig i bruk. Dagane vert aldri like, og du må kunne kasta deg rundt å tilpassa deg ein kvardag som stadig er i endring. På arbeidsplassen ler me mykje og me tenkjar at det er ein styrke at me som arbeidar her har det godt i lag. Du merkar at det er god stemning når du kjem på arbeid. Me ynskjer at du er ein lagspelar som saman me oss kan vera med på å bidra til at tenesta vår utviklar seg slik at me har et best mogleg tenestetilbod.

Du må lika å arbeida med menneske som har ROP- lidelser. Med det meiner me at du må like å arbeide med stor romslighet og tolmod fordi kvart eit menneske me møter har sine unike mål for korleis dei ynskjer å leva livet. Du må kunna reflektera over og forstå, at det ha eit godt liv er ei individuell kjensle.
Har du lyst til å vera med på laget vårt, til å bidra i arbeidet med å gje brukarane våre ein betre kvardag, så er du velkomen til å søkja på stilling hos oss.

Om arbeidsplassen


Adelinga gjev tenester til menneske med psykiske lidingar og rusmiddelavhengnad. Me har pr. i dag ca. 30 årsverk og fire arbeidsområder:
  • Psykisk helse og rusarbeid
  • Kolheia bufellesskap, døgntenester
  • Svertingstad bufellesskap, døgntenester
  • Svendsenhuset, dagsenter

Om arbeidsoppgåvene


» Planleggja og iverksetja naudsynte sjukepleietiltak ift psykisk helse, rusproblematikk og somatikk
» Medikamenthandtering
» Rettleia og undervisa brukarar, medpersonell, pårørande og studentar
» Dokumentasjon ihht lovverk og interne rutinar
» Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
» Arbeida Recovery-orientert «Skadereduserande/ smitteforebyggjande arbeid mhh rusavhenge
» Utføre faste tilsyn, og tilsyn etter behov
» Skapa trygghet og gode relasjoner
» Motiverande samtaler via tlf til personar utanfor bofellesskapet

Kvalifikasjonar


» Autorisert sjukepleier eller vernepleier
» Vidareutdanning innan psykisk helse og/ eller rusarbeid er ønskeleg
» Erfaring med psykisk helse og/ eller rusarbeid
» Kompetanse på sårstell og infeksjonsbehandling
» Gode samarbeidsevner
» Gode datakunskapar
» Førarkort kl B
» Gode Norsk kunnskapar

Andre krav


Politiattest må framleggast ved tilsetjing.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1121-2019-01-68 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: TIME KOMMUNE SVERTINGSTAD BUFELLESS

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Psykiatrisk sykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere