Ledige stillinger

Sommarvikarar til miljøtenesta for TIME KOMMUNE OMSORG ADMINISTRASJON

TIME KOMMUNE OMSORG ADMINISTRASJON

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sommarvikarar til miljøtenesta

Me søkjer


Me treng ferievikarar i tidsrommet 17. juni – 18. august. Tidspunktet kan variera ut frå den enkeltes avdelings behov. Spesifiser kva periode du kan arbeida.

Du legg inn søknad ein gong under den avdelinga du primært ønsker å jobbe. Viss du samstundes er interessert i å
søkja i ei av dei andre einingane, kan du skriva dette i søknaden.

Om arbeidsplassen


Miljøtenesta gjev tilbod til personar som grunna sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne har behov for langvarige
og koordinerte tenester.

Me består i dag av 4 boligar, 1 burettslag, avlastning, BPA og aktivitetssenter.
Tenesta omfattar miljøarbeid, opplæring i å utføre daglege gjeremål og aktivitetar, avlastning, støttekontakt,
omsorgsløn, brukarstyrt personleg assistent (BPA) og tilrettelagt aktivitetstilbod.

Kvalifikasjonar


Er du fagutdanna, elev, student eller har erfaring innan pleie og omsorg, vil me gjerne at du tek eit ferievikariat hos oss.

» Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2. Gjeld ikkje søkjarar med eit skandinavisk språk som morsmål.

» Det er krav om godkjent autorisasjon for fagutdanna

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel.
  • Kommunale lønns- og tilsettingsvilkår samt stipendordningar til studentar innan sjuke- og vernepleie.
  • Studentavlønning for sjuke- og vernepleiar, samt barnevern, sosionom, fysioterapi og ergoterapi studentar.

Andre krav

  • Du må vera fylt 18 år
  • Det er krav om politiattest
  • Registrer telefonnummer i søknaden din
  • Kvalifiserte søkjarar som kan arbeida heile ferien vert prioritert.
  • Registrer telefonnummer i søknaden din

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1121-2019-02-1 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: TIME KOMMUNE OMSORG ADMINISTRASJON

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Helsefagarbeider

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere