Ledige stillinger

Sommarvikarar ved psykisk helse -og rusarbeid for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sommarvikarar ved psykisk helse -og rusarbeid

Me søkjer


Me treng ferievikarar i tidsrommet 18. juni – 19. august. Spesifiser kva periode du kan arbeida.

Du legg inn søknad ein gong under den avdelinga du primært ønskjer å jobbe. Viss du samstundes er interessert i å
søkje i ei av dei andre einingane, kan du skriva dette i søknaden.

Om arbeidsplassen


Me gjev tenester til menneske med psykiske lidingar og til menneske med rusmiddelavhengighet. Me har pr. i dag ca. 35 årsverk og fem arbeidsområde:
  • Psykisk helsearbeid, dagtid
  • Rusarbeid, dagtid
  • Kolheia bufellesskap, døgntenester
  • Svertingstad bufellesskap, døgntenester
  • Svendsenhuset, dagsenter

Me tilbyr



  • Kommunale lønns- og tilsettingsvilkår samt stipendordningar til studentar innan sjuke- og vernepleie.


  • Studentavlønning for sjuke- og vernepleiar, samt barnevern, sosionom, fysioterapi og ergoterapi studentar.

Kvalifikasjonar


Er du fagutdanna, elev, student eller har erfaring innan pleie og omsorg, vil me gjerne at du tek eit ferievikariat hos oss.

Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B2. Gjeld ikkje
søkjarar med eit skandinavisk språk som morsmål. Det er krav om godkjent autorisasjon for fagutdanna

Andre krav


Det vert krevd politiattest ved arbeid i psykisk helse og rusarbeid.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1121-2019-02-2 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Psykiatrisk sykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere