4344 BRYNE
«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune har ledig vikariat i 100 prosent stilling som kulturhussjef i perioden 01.04.2019 – 31.03.2020.
Til stillinga ligg det daglege ansvaret for kulturhusa Storstova, Bryne Mølle og Bryne kino. Dette inneber personal- og økonomiansvar samt ansvar for kulturarrangement, kinodrift, marknadsføring m.m.
Kulturhussjefen rapporterer til kultursjef, og inngår i kultursjefen si leiargruppe saman med biblioteksjef og fritidssjef.
Du har kulturfagleg bakgrunn, leiarerfaring frå drift av kulturversemd, gode samarbeidsevner og forståing for at det må påreknast noko uregelmessig arbeidstid.
Me tilbyr ei spennande og utfordrande stilling, eit godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige vilkår.
Det skjer mykje på kulturfronten i Time, med nye Bryne kino og den nyleg oppgraderte Fritz Røed skulpturpark som to synlege og viktige eksempel. Utkastet til Kulturplan 2019-2027 – Time kommune, som i desse dagar er til politisk behandling, legg opp til ei offensiv satsing på kultur i åra framover.
Du kan lesa meir om Time kommune, kulturtilbodet og kulturplanen på www.time.kommune.no
Stillingsnummer: 1121-2019-02-20 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak