Ledige stillinger

Vil du arbeida med velferdsteknologi i Time kommune? for TIME KOMMUNE SERVICETORGET

TIME KOMMUNE SERVICETORGET

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Vil du arbeida med velferdsteknologi i Time kommune?

Om arbeidsplassen


Time kommune har innført velfersteknologi i omssorgssektoren, og søker nå etter deg som ønsker å vera med på å driva arbeidet framover. Me har fleire velferdsteknologiske løysingar, for eksempel digitale tryggleiksalarmer, GPS og kamera. Me skal nå også implementera elektronisk medisineringsstøtte. Time kommune arbeider kontinuerlig med utvikling innan området, og du vil bidra inn i dette arbeidet.

Stillinga rapporterer til verksemdleiar i heimetenesta.

Me tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass som satsar på kompetanse, innovasjon, kvalitet og har brukaren i sentrum
  • Tett tverrfagleg samarbeid
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
  • Idretts- og fritidsrelaterte aktivitetsgrupper og bedriftskunstforeining

Om arbeidsoppgåvene

  • Opplæring og veiledning av tilsette i å bruka velferdsteknologi
  • Montera og vedlikehalda velferdsteknologi heime hos brukar (pasient)
  • Administrera system, program, appar og utstyr for velferdsteknologi
  • Delta i innovasjonsarbeidet med innføring av velferdsteknologi i omsorgstenestene
  • Delta i utarbeiding av rutinar og brukarrettleiingar om velferdsteknologi
    -Tett tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Du har fagbrev som dataelektroniker, serviceelektroniker eller liknande
  • Du må kunna tileigna deg kompetanse innan velferdsteknologi og elektroniske fagsystem
  • Du er fagleg engasjert og utviklingsorientert
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du er serviceinnstilt og endringsvillig
  • Du er tålmodig og kan arbeida sjølvstendig
  • Du har god IKT-kompetanse
  • Det vert lagt vekt på at du er eigna til stillinga

Andre krav


For tilsetting i omsorg er det krav om politiattest.
Du må ha førarkort for bil.
Du må beherska det norske språket godt, både skriftleg og muntleg.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1121-2019-02-4 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: TIME KOMMUNE SERVICETORGET

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Hjemmesykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere