Sommarvikarar ved heimetenesta for Time kommune

Time kommune
4344 BRYNE
«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Sommarvikarar ved heimetenesta
Me søkjer
ferievikarar i tidsrommet 17. juni – 18. august ved heimetenesta. Spesifiser kva periode du kan arbeida.
Du legg inn søknad ein gong under den avdelinga du primært ønsker å jobbe. Viss du samstundes er interessert i å
søkje i ei av dei andre einingane, kan du skriva dette i søknaden. Om arbeidsplassen
Heimesjukepleie vert gitt til heimebuande i alle aldrar som treng somatisk hjelp. Heimesjukepleien har som mål at
brukarane skal få bu i eigen heim så lenge som råd, også ved alvorleg sjukdom. Tilbodet om heimesjukepleie gjeld
for menneske med kronisk sjukdom, fysisk funksjonssvikt og andre helseproblem som gjer at ein treng hjelp for å
kunne bu heime. Me gjer hjelp 24 timar i døgnet.
Heimesjukepleia er delt inn i 3 geografiske distrikt som dekkjer heile kommunen. Avdeling aust og -vest har base på
Sivdamsenteret og avdeling nord har base på Kvernaland omsorgssenter. Kvalifikasjonar
Er du fagutdanna, elev, student eller har erfaring innan pleie og omsorg, vil me gjerne at du tek eit ferievikariat hos oss. - Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarende B2. Gjeld ikkje
søkjarar med eit skandinavisk språk som morsmål. - Det er krav om godkjent autorisasjon for fagutdanna
Me tilbyr
kommunale lønns- og tilsettingsvilkår samt stipendordningar til studentar innan sjuke- og vernepleie.
Studentavlønning for sjuke- og vernepleiar, samt barnevern, sosionom, fysioterapeut, ergoterapeut. Andre krav
- Du må vera fylt 18 år og bør ha førarkort
- Det er krav om politiattest
- Registrer telefonnummer i søknaden din
Elektronisk søknadsprosess
Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Se annonsePAM
Stillingsnummer: 1121-2019-02-5 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Webcrawl
employer: Time kommune
job_industry: [Helse- og pleiearbeid, Sosial-, omsorgs- og fritidsarbeid]
job_function: Pleieassistent