Nyheter

To spennande mellomleiarstillingar i Miljøtenesta

Miljøtenesta i Time kommune er eit spennande område i endring, der du som mellomleiar har ansvar både for drift, forbetring og utvikling.

Dato: 28. oktober 2016

– Miljøtenesta gjev tenester til personar med fysisk og/eller psykisk funksjonssvikt, som har behov for langvarige og koordinerte tenester. Som mellomleiar i miljøtenesta er du del av ein brukarretta kvardag, der målet er å gi tenester tilpassa brukarane sine behov, seier leiar av miljøtenesta Toril S. Olsen. Les meir om stillingane her

Klar for nye tankar og idear?
Du blir ein del av eit motivert leiarteam som arbeider med å skape dei beste miljøtenestane for brukarane.

– Som mellomleiar må du vera i stand til å inspirere dine tilsette til å være framtidsretta og kreative, med mål om å forma gode tenester for brukarane våre. Stillingane er proppfulle av spennande utfordringar, seier Toril S. Olsen.

– Me treng gode leiarar som kan sjå styrken hos dei tilsette, og som kan legge til rette for utvikling og mestring. Dersom søkar i tillegg har erfaring med økonomistyring, administrasjon og leiing, er det positivt, seier Olsen. Ho forsikrar om at leiarane vil få god støtte og nødvendig opplæring for å lykkast.

– Søkarane må ha den formelle utdanninga på plass og har vore nokon år i bransjen. Desse mellomleiarstillingane er ei spennande sjanse for dei rette personane – både interessant og utfordrande, seier Toril S. Olsen.
Lær meir om miljøtenesta i Time

Interessant og utfordrande arbeid
Det er to stillingar som no vert lyst ut. Den eine mellomleiaren vil ha ansvar for brukarar som bur i bufellesskap og for tenesteyting i private heimar. Den andre vil ha ansvar for brukarar i bufellesskap og på dagsenter, barnebustad. Begge stillingane byr på varierte arbeidsdagar med mange flotte opplevingar, mykje læring og meiningsfylte problemstillingar.

Høyrast dette interessant ut? Få meir informasjon om stillingane her

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere