Nyheter

Vil du ha ei spennande og framtidsretta leiarstilling?

Time kommune søker ein ny leiar for heimetenesta. Dette er ein glimrande sjanse til å vera med på å forme morgondagens omsorgstenester.

Dato: 28. oktober 2016

– Me søker ein person som kan tenke nytt, og finna ut korleis vi best kan løyse framtidas utfordringar i heimetenesta. Målet er å få inn ein person som ser utviklingspotensialet, og som klarer å ha eit overordna blikk på den vidare utviklinga, seier kommunalsjef for omsorg Anlaug Ringvold Mesfin. Les meir om stillinga her

Søker løysingsorientert leiar
Leiaren vil vera del av kommunalsjefen si leiargruppe og deltar i rådmannens leiarforum.
– Dei fire tenesteleiarane skal samarbeide i kommunalsjefen si strategiske leiargruppe og saman finne gode tenester for dei felles brukarane våre. Den som får stillinga vil altså ha mange dyktige folk å spele på lag med, seier kommunalsjef Mesfin. Les meir om omsorg i Time kommune

Spennande pilotarbeid
I heimetenesta får ein ta del i mykje interessant arbeid. Dei er involvert i både lokale og nasjonale forskingsprosjekt.
– Vi er mellom anna med i ein nasjonal pilot for førebygging av underernæring. Prosjektet er ein del av Helsedirektoratet sitt program for pasienttryggleik og me gler oss til å sjå resultata, fortel kommunalsjefen.
Les meir om dette arbeidet her


Framtidsretta pådrivar
Time kommune søker etter ein person som er framtidsretta, framoverlent og med evne til å omstille seg. Den som får jobben må vera ein positiv pådrivar for innføring av nye arbeidsmetodar, nye elektroniske verktøy og velferdsteknologi.
– Me er avhengige av å finne ein god leiar som kan delegere ansvar, og som tør å løfte fram sine leiarar. Søker må ha erfaring frå offentleg sektor og kompetanse på økonomistyring, administrasjon og leiing, seier Anlaug Ringvold Mesfin.

Høyrest dette ut til å vera noko for deg? Klikk her for å søke på stillinga!

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere